FHI: Mange fleire jenter enn før får ADHD-medisinar
Fem gonger fleire tenåringsjenter fekk ADHD-medisinar i 2023 enn for 20 år sidan. For gutane sin del har auken også vore kraftig.
– Vi ser at det har vore ein kraftig auke frå 2020, etter å ha vore nokså stabilt i ein tiårsperiode. Auken har vore stor hos begge kjønn, men for jenter aukar det frå eit lågt nivå, seier Heidi Aase, avdelingsdirektør for barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.
Ho kommenterte statistikken først til P4.
Tal frå Legemiddelstatistikken viser at det i 2004 var 0,6 prosent av jentene mellom 13 og 17 år som fekk medisinar for ADHD. I 2023 var det 3,5 prosent – fem gongar fleire. Tilsvarande tal for gutane i same aldersgruppe, viser at 2,1 prosent fekk ADHD-medisinar i 2004, medan 5,4 prosent fekk det i fjor.
Spriket mellom mengd diagnostiserte jenter og gutar har vorte betrakteleg mindre.
Ikkje ein gutediagnose
Aase seier til NTB at jenter lenge har gått under radaren.
– At det særleg har vore ein auke blant jenter, kjem nok i stor grad av auka forståing for korleis ADHD kjem til uttrykk hos jenter.
ADHD er ei nevrologisk forstyrring som betyr auka uro, impulsivitet og konsentrasjonsvanskar. Mykje av forskinga er utført av menn på unge gutar, noko som medførte manglande kunnskap om korleis ADHD artar seg hos jenter og kvinner.
– Det vart lenge sett på som ein «gutediagnose», med lettare synleg åtferd. Gutane rører meir på seg og bråkar meir, kjem meir i klinsj med andre, medan jenter sin ADHD gir seg til kjenne på andre vis, seier Aase.
Nokre kjenneteikn
Samanlikna med gutane har jenter med ADHD sjeldnare åtferdsvanskar. Dei kan ha problem med å følgje med, fullføre oppgåver, og dessutan vere ekstra skravlete, utan at det nødvendigvis gjer at nokon tenkjer på ADHD.
At det er forventa at jenter meir enn gutar skal vere snille, stille og flinke, bidreg til at jenter prøver å leve opp til dette. Dei kan bruke mykje energi på å skjule vanskane sine. Det kan føre til tilleggsvanskar som angst og depresjon.
– Uansett er det merksemd- og konsentrasjonsproblem som er kjernen i det, både for jenter og gutar, seier Aase.
Dei som er alvorlegast ramma av ADHD, bruker legemiddel for å kontrollere symptoma. Det har vore ein særleg auke i åra under pandemien og til og med 2023, utan at ekspertane kan seie eksakt kvifor.
– At ein høgare del av 13-17-åringane i dag får tilgang til medisinar treng ikkje spegle ein reell auke i førekomst av ADHD. Vi treng endå meir kunnskap om ADHD og gjere meir befolkningsbaserte undersøkingar for å finne ut kva som er den reelle førekomsten, seier Aase. (©NPK)