
Fin opplagsvekst for Firda Tidend
Firda Tidend har auka opplaget med 113 eksemplar det siste året.
Landslaget
for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la tysdag fram
opplagstala for andre halvår 2024.
Firda Tidend har ein pen vekst på 113 eksemplar samanlikna med same periode året før. Lokalavisa for Gloppen og Jølster har no eit godkjent opplag på 3.164. Ein må heilt tilbake til 2003 for å finne eit like høgt tal.
- At opplaget veks er svært kjekt, men slett ikkje sjølvsagt. Konkurransen om folk si merksemd og tid er større enn nokon gong, og at vi endå ein gong får positive tal gleder vi oss over. Vi er heldige som har svært trufaste og lojale lesarar og tingarar, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.
Nokre går fram, andre tilbake
For dei andre avisene i Nordfjord er det litt blanda drops.
Fjordabladet går fram med 135, til eit godkjent opplag på 3.375 eksemplar.
Fjordenes Tidende har ein framgang på 43, til 4.823, medan Fjordingen går tilbake med 20, til 3.972.
Dei tre Amedia-eigde avisene i Sogn og Fjordane har alle ein liten tilbakegang.
Firda med 150, til 10.839. Firdaposten med 67 til 4.765 og Sogn Avis med 112 til 9.393.
Heildigitale Porten i indre Sogn har fin vekst, frå 1.641 til 2.026 eksemplar (+385).
Ytre Sogn Avis har ein opplagsvekst på eitt eksemplar andre halvår 2024, til 1.180.
- Står sterkt
På landsbasis er opplagstala for lokalavisene stabile.
- Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt. Særleg i tider der mange kan vere litt uroa over alt som skjer ute i verda, er det godt å ha trygge ankerfeste og møteplassar i livet. Lokalavisene bryr seg jo om nærmiljøet og kvardagen til folk. Det trur vi både lesarane og annonsørane våre set pris på, seier generalsekretær Thomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser i ei pressemelding.
Kring 125 aviser er knytte til LLA. Totalopplaget for desse er no nesten 400.000. Over halvparten av avisene har auka opplaget sitt det siste året. Digital-andelen for samanliknbare aviser har auka med over 25.000.