Mjølkeprisen kan variere meir i tida som kjem med eit nytt prissystem. Foto: Rodrigo Freitas/NTB/NPK.

Fire faktorar skal avgjere prisen på mjølk

Når Tine to gonger i året skal fastsetje mjølkeprisen er det fire faktorar som vil avgjere. Ein nyutvikla kostnadsindeks for mjølkebøndene er ein av dei.

Publisert Sist oppdatert

Til Nationen fortel Tines direktør for næringspolitikk, Gunnar Dalen, at dei fire faktorane er konsumprisindeks, prisvekst på mat og alkoholfri drikke i form av konsumprisar frå SSB, kostnadsvekst i mjølkeproduksjonen og mjølkeprisen til bønder i naboland.

I jordbruksoppgjeret vart det fastslått at prismodellen skal gå vekk frå dagens modell med målpris, der ein fastset det som i praksis er ein makspris gjennom jordbruksoppgjeret, til ein volumprismodell der Tine set prisen på mjølk to gonger i året.

Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som på oppdrag frå Tine har laga kostnadsindeksen for produksjonen av mjølk. Dalen seier han vil spele ei viktig rolle.

– Vi håpar denne indeksen vil gi eit godt bilete av utviklinga i dei variable kostnadene på gardsbruk med mjølkeproduksjon, fortel han til avisa.

Dalen ser ikkje bort frå at mjølkeprisen vil variere meir i tida som kjem.

– I utgreiinga av dei ulike modellane står det at fjerninga av målprismodellen vil gjere prisen meir usikker og at det vil gi større variasjon. Den nye ordninga er per definisjon eit meir marknadsstyrt prissystem. (©NPK)

Powered by Labrador CMS