Fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet oppmodar folk til å undersøkje om tilboda er reelle under Black Friday. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Forbrukarrådet åtvarar mot falske Black Friday-tilbod

Ei ny undersøking viser at tre av fire ikkje stoler på Black Friday-prisar. Forbrukarrådet åtvarar mot falske tilbod.

Publisert Sist oppdatert

– Vi ser døme på svært mange varer som har auka i pris no i oktober for å kunne skape falske tilbod under Black Week og Black Friday. Veldig mykje elektronikk har auka meir enn 10 prosent i pris i oktober – sannsynlegvis for å kunne spare inn på tilboda i november, fortel fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Så lenge vara har hatt ein høg pris i 30 dagar, kan butikken bruke denne som lovleg førpris når dei reknar ut salsprisane og avslaga. Altså kan dei skru opp prisane i 30 dagar, for så å skru dei ned igjen og marknadsføre dette som tilbod.

Tre av fire stolar ikkje på at førprisane til butikkane stemmer, viser ei undersøking utført av YouGov, på vegner av Forbrukarrådet.

Undersøkinga viser likevel at 34 prosent planlegg å handle under Black Friday i år.

– Det er ikkje umogleg å gjere gode kupp på Black Friday, men det er dessverre vanskeleg utan å gjere ein liten jobb først. For å vere sikker på at tilbodet er reelt oppmodar vi alle til å bruke prissamanlikningstenester som prisjakt.no. Her kan du sjå historiske prisar og samanlikne tilbod mellom ulike butikkar, seier Iversen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS