
Frp og Sp vil fjerne flypassasjeravgifta
Sjølv om begge partia har vore med på å innføre flypassasjeravgifta, har Frp og Sp funne saman før valet til hausten om å fjerne flypassasjeravgifta.
At Sp ville fjerne avgifta, vart kjent i januar, medan Frp har fått vatn på mølla som følgje av at Sverige fjernar avgifta frå 1. juli i år, skriv NRK.
– Flypassasjeravgifta er inga miljøavgift og påverkar ikkje miljøet. Det er ei rein inntekt for staten. Avgiftsbelastninga i luftfarten er altfor høg, og vi må få ein slutt på det, seier stortingsrepresentant Hans Andreas Limi (Frp).
Avgifta vart innført første gong i 2016 av Solberg-regjeringa, som Frp var ein del av. Sidan har avgifta vorte endra i fleire omgangar. Under pandemien vart han lagd på is som følgje av konsekvensane for luftfarten, før Ap-Sp-regjeringa innført henne igjen i 2022.
Når ein kjøper ein flybillett, må ein i dag betale flypassasjeravgift på 60 kroner for kvar flytur i Noreg og 342 kroner for utanlandsreiser.
Så langt er det berre Frp og Sp som har gått inn for å fjerne avgifta, medan MDG og Venstre på si side vil auke henne. Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund (Ap), meiner ein må sjå på heilskapen av skatte- og avgiftsnivået og peikar på at Ap har redusert avgifta i regjering. (©NPK)