Konsernsjef i Eviny, Ragnhild Janbu Fresvik, meiner ein fusjon vil gi betydeleg høgare synergiar og eit meir robust selskap. Arkivfoto.

– Fusjon er den beste løysinga

– Vi meiner at fellesskapet på Vestlandet må få ei betre forvaltning av verdiane i SFE framover enn dei har lukkast med historisk, seier konsernsjef i Eviny Ragnhild Janbu Fresvik. Om det ikkje blir ein fusjon, vil Eviny trekkje seg ut av Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Publisert

Denne veka blei rapportane frå utgreiingsarbeidet om framtidig eigarskap i Sogn og Fjordane Energi (SFE) offentleggjorde. Det blei også klart at styra i SF Holding og SFE rår frå å gå vidare med fusjonsutgreiingar mellom SFE og Eviny.

– Vi tek innstillinga til etterretning. Men vi er ueinige med styret i SF Holding i at årlege synergiar på 100 millionar kroner, meirverdi på 700 millionar kroner til eigarane og høgare og meir stabile utbyte blir vurdert som «avgrensa oppside» ved ein fusjon, kommenterer Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny, og held fram:

– Rapportane frå Ernst & Young og KPMG slår fast at eit fusjonert selskap vil vere meir robust til å møte våre og samfunnets store utfordringar i dag og i framtida, og gi auka utbytekapasitet.

– Vil gi høgare synergiar

– Rapporten frå Ernst & Young peiker på at det er «betydelege forskjellar mellom Eviny og SFE i deira vurdering av synergipotensialet ved ein potensiell samanslåing.» Kvifor har selskapa så ulike vurderingar av dette?

– Ernst & Young seier etter første fase av utgreiinga at den årlege synergien vil liggje på 100 millionar kroner. Vi meiner at ein fusjon vil gi betydeleg høgare synergiar. Erfaringane frå før og etter fusjonen i Å energi viser at det er grunnlag for å tru på større synergiar. SFE har eit anna syn enn oss på synergien av å slå saman to gode selskap, og det må dei svare for, viser Fresvik til.

Medan Eviny opererer med eit høgare tal og SFE med eit lågare tal, peiker rapporten frå EY på synergieffektar på 70-100 millionar kroner årleg før skatt.

– Vi er trygge på at det er betydelege synergiar ved å slå saman selskapa, og vårt anslag er høgare enn det EY har skissert i rapporten. Så er det viktig å hugse på at dette er ei overordna vurdering etter den utgreiinga som no er gjennomført. Ei grundigare utgreiing av fusjonsalternativet vil gi meir nøyaktige svar på inntektspotensialet og andre synergiar.

– Ikkje behov for nedbemanning

– Rapporten frå EY peiker på synergieffektar på 70-100 millionar kroner årleg. Klarer ein det utan nedbemanning?

– Det står klart og tydeleg i rapporten at det ikkje er identifisert eit behov for nedbemanning som følgje av ein fusjon, og det blir også sagt at ved eventuelt like stillingar skal dette løysast ved naturleg avgang i begge selskapa. Synergien kjem på inntekts-, system- og kompetansesida. Vi har teke dette initiativet fordi vi trur to gode selskap er sterkare saman i å løyse samfunnet sitt behov for meir kraft og meir nett til folk og næringsliv.

– Fusjon den beste løysinga

I rapporten frå Ernst & Young blir det vurdert til at eit fusjonert selskap vil vere meir «robust, ha større løfteevne og auka utbyttekapasitet, samtidig som risiko blir redusert».

I rapporten blir det også peika på at det er moglegheit for at lokal tilhøyrsel og behov kan bli svekt, at ein fusjon kan skape uvisse knytt til arbeidskvardagen/arbeidsmiljø/kultur, og auke presset på den lokale bedriftsmarknaden og redusere mangfaldet av aktørar.

– Eviny er eit av dei mest desentraliserte selskapa på Vestlandet med lokasjonar frå Ålesund i nord til Lund/Sokndal i sør. Alle andre stader enn på Vestlandet skjer det no endringar i vår bransje for å ruste seg for framtida. Vår strategi er å vareta kompetansearbeidsplassar lokalt på Vestlandet og utøve samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte for innbyggjarane og næringslivet. Derfor tok vi dette initiativet, og derfor trur vi dette er den beste løysinga, noko også første fase av utgreiinga har dokumentert, kommenterer Fresvik.

– Ved ein skiljeveg

16. desember er det generalforsamling i SF Holding, der saka blir endeleg avgjort.

– Vi har heile tida sagt at vi står ved ein skiljeveg. Eviny sin strategi står fjellstøtt. For vår del må vi ikkje få til denne fusjonen, men vi meiner at fellesskapet på Vestlandet må få ei betre forvaltning av verdiane i SFE framover enn dei har lukkast med historisk. Dersom eigarane i SF Holding seier nei til fusjon 16. desember, vil vi gå i konstruktiv dialog med dei om alternativ tre i intensjonsavtalen. Det vil seie at vi ønskjer å diskutere korleis Eviny kan tre ut av SFE som eigar, påpeiker konsernsjefen i Eviny.

Powered by Labrador CMS