Går over til nye system

Tysdag tek Firda Tidend i bruk nye datasystem. Dette fører til at nettsida får ny utsjånad, og at alle abonnentar må logge seg inn på nytt.

Publisert Sist oppdatert
Aadne Gloppestad er redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend. Arkivbilete.

Lokalavisa for Gloppen og Jølster har i fleire år hatt ein partnaravtale med Polaris Media Sør, som har levert digitale løysingar. Denne avtalen har mediekonsernet sagt opp, og saman med seks andre frittståande aviser har Firda Tidend inngått samarbeid med Mentor Medier. 

Må registrere seg på nytt på nett

Tysdag føremiddag går den nye nettsida på lufta. 

– Sidan Polaris sa opp partnaravtalen, har vi arbeidd mykje med å få på plass nye avtalar og rigge dei nye systema. No er vi komne i mål, noko som sjølvsagt er ei stor lette, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad. 

Det første dryge døgnet vil nettsida bli liggande open, slik at alle kan lese alle saker som ligg der. Onsdag kl. 13:00 blir det sett på lås igjen, og pluss-sakene blir berre tilgjengelege for abonnentane. 

– Då må abonnentane logge inn på nytt for å få tilgang. Ein må stadfeste brukaren sin og lage nytt passord. Ved å skrive inn mailadressa som har vore brukt brukt før, blir ein leia gjennom prosessen på ein veldig grei måte, fortel Gloppestad og legg til at dette er ein prosedyre som må gjennomførast berre første gongen ein loggar seg på den nye sida. 

Inga endring på papir

Dei som har lasta ned den gamle appen må slette denne før dei lastar ned den nye.

Abonnentar som ikkje har laga seg digital brukar tidlegare, kan kontakte avisa på abo@firdatidend.no eller tlf. 57 86 87 81. 

For dei som er reine papirabonnentar går alt som før, dei vil ikkje merke noko endring utover at utsjånaden på avisa kjem til å endre seg litt. 

– Alle systema vi brukar er nye, og det er mykje nytt for dei tilsette å lære seg og setje seg inn i. Vi håpar lesarane har tolmod med oss og forståing for at det kan gå litt tid før alt er heilt på plass, seier redaktøren.

Powered by Labrador CMS