Frå fv. 613 Gaularfjellet 9. april 2025.
Frå fv. 613 Gaularfjellet 9. april i år.

Gaularfjellet opnar fredag

Fylkesveg 613 over Gaularfjellet blir opna 11. april, før palmehelga. Fylkeskommunen ber turgåarar parkere bilane godt ut av vegbana.

Publisert Sist oppdatert

– Det er gledeleg å kunne melde at vi klarer å opne heile Gaularfjellet til påske no i år, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. 

– Det kan likevel bli stengt att på kort varsel, og vi ber skiløparar og andre parkere godt ut av vegbana slik at brøytebil kan passere også i påska.

- Følg med på vêr og trafikkmeldingar

Fylkeskommunen opnar normalt sett til Bårddalen på Vetlefjordsida av fjellet og til Nystølen/Remavatnet på Førdesida før påske, og heile fjellovergangen til 1. mai. 

Grunna lite snø er det i år mogleg å opne vegen mellom Sogn og Sunnfjord over heile fjellet kl. 12 fredag 11. april. 

Men både vêret og snøen kan vere lunefulle i april, og det kan bli stengingar på kort varsel. Både ved mykje nedbør og sol blir snøen tung og kan rase ned i vegbana, særleg frå solrenningane langs Nystølvatnet. Då er fri ferdsel for brøytebil viktig.

Sjå 175/vegtrafikksentralen for vegmeldingar.

Powered by Labrador CMS