Gjødselkjellar i Jølster har kollapsa 

Ein betongvegg til gjødselkjellar har kollapsa ved Støfring, vest for Langhaugane i Jølster. 

- 1500 liter med kumøkk/gjødsel har runne ut. Gjødselkjellaren ligg tett på E39, og det skaper trafikale problem på staden, melder Vest politidistrikt kl. 07:35 onsdag morgon. 

Kl. 07:38 blir det meldt at politi og brannvesen er på veg. Vegtrafikksentralen er varsla. Dei sender entreprenør. 

Rett etter klokka 08:00 er brannvesenet i gang med å spyle vegbana. Det blir meldt om sterk lukt i området. 

Bonde Geir Støfring fortel til NRK Vestland at det var 1.400 kubikk møkk, om lag 1,4 millionar liter, i tanken.

Operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt opplyser til Bergens Tidende at den første bilen som køyrde gjennom møkka, har fått skadar. Skadane kom av at betongdelar frå gjødselkjellaren hamna i vegbana.

– Bilen har fått skadar av dette, og det er uvisst om den er køyrbar, seier Blindheim.

Powered by Labrador CMS