Har jobba frivillig for fotball og friidrett i fleire tiår
Johnny Solheimsnes og Oddvar Skrede er to av dei mange frivillige om har lagt ned mange dugnadstimar for Jølster Idrettslag.
Over 100 personar hadde meldt seg på då Jølster Idrettslag inviterte til fest for noverande og tidlegare frivillige på Skei laurdag.
Idrettslaget ønskte med markeringa gi noko tilbake til dei mange som gjer og har gjort ein stor innsats for idrettsaktiviteten i Jølster.
40 år med friidrett og maraton
Oddvar Skrede og Johnny Solheimsnes er to av dei mange frivillige som har lagt ned mange arbeidstimar for klubben.
Solheimsnes kom inn i friidrettsgruppa i 1981, og han har vore leiar for gruppa i rundt 30 år.
– Det er kanskje meir – og eg er det enno, smiler han.
I 1984 kom han også inn i styret i Jølster Maraton, som han sat i heilt fram til i fjor. At han sjølv alltid har drive med friidrett, mykje løp, men også hopp og lengde, er noko av drivkrafta bak engasjementet, fortel han.
Solheimsnes har også vore engasjert i krinsen i Sogn og Fjordane, og nasjonalt gjennom Norges Friidrettsforbund, der han var leiar for veteranutvalet i fleire år.
Har merka fotballbana i 40 år
Oddvar Skrede spelte fotball på aldersbestemte lag, men det vart terrengløp som vart hans aktivitet.
Det er likevel fotballen som har fått mest av dugnadstida hans. Skrede har merka fotballbana sidan han var 18–19 år.
– Eg har merka fotballbana i 40 år, og gjer det enno. Det er min skjerv til fellesskapet, seier han.
I tillegg har han også vore med i fotballgruppa, der han også har sete som leiar.
Dei to syntest det var flott at det vart halde ein fest for alle dei som står på som frivillige.
– Laget var 100 år i fjor, så det er kjekt. Det er bra at ein har ein slik fest, seier Solheimsnes.