
- Ikkje grunn til å tru at det har skjedd ei straffbar handling
Ein person vart fredag kveld funnen livlaus i ein privat bustad i Sunnfjord.
Klokka 20:30 fredag kveld fekk politiet melding om ein livlaus person på ei privat bustadadresse i Sunnfjord, melde Firda laurdag morgon.
Mistenkjeleg
Lege og politi rykte ut, og personen vart erklært død på staden.
Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til dødsfallet, men etterforskar det som mistenkjeleg. Både lokalt politi og kriminalteknikarar frå Bergen var på plass og gjorde undersøkingar.
Obduksjon
Laurdag kveld melde Politiets felles straffesaksinntak (FSI) at kriminalteknikarane var ferdige på staden.
– Men etterforskinga held fram, sa Dyveke Gjermundrød i FSI til Firda.
Den avdøde er send til obduksjon.
I undersøkingsfasen
I ei pressemelding måndag ettermiddag skriv politiet at foreløpig obduksjonsrapport ikkje er motteken, men at det per no ikkje er grunn til å tru at det har skjedd ei straffbar handling.
- Vi er framleis i undersøkingsfasen der vi jobbar med å snakke med vitne og innhente elektroniske spor, for å danne oss eit bilete av kva som har skjedd, heiter det i pressemeldinga.