Finn Årdal er leiar i Jølster Idrettslag. – Vi har lyst til å gi nok tilbake til dei frivillige som står på heile året, seier han.

Jølster IL feira dei frivillige: – Er berebjelken i idrettsarbeidet

Dugnadsånda og den frivillige innsatsen vart heidra då Jølster Idrettslag inviterte til fest på Skei laurdag.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har lyst til å gi nok tilbake til dei frivillige som står på heile året, seier leiar i Jølster IL, Finn Årdal.

Over 100 personar møtte då alle tidlegare og noverande frivillige i Jølster IL var inviterte til fest på hotellet på Skei laurdag.

Over 100 frivillige stilte på festen på hotellet på Skei laurdag.

– Mange stiller på

Denne gong måtte dei verken bake kaker eller stille på dugnad, men fekk kome til duk og dekka bord. Årdal synest jølstringane er flinke til å stille på for idretten.

– Det er ein utruleg stor del av Jølster-befolkninga som er frivillige i idretten på ein eller annan måte i løpet av eit år. Det er heile berebjelken i idrettsarbeidet, seier Årdal.

Ideen til å halde ein fest for dei frivillige, kom opp i samband med at idrettslaget fylte 100 år i fjor.

– Det er litt lausrive frå det, men samtidig òg ei markering av at det har vore 100 år med dugnadsinnsats, seier Årdal.

– Enorm samfunnsnytte

Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, heldt foredrag under festen. Ho har sjølv ei fortid som fotballspelar, og har engasjert seg i verv i Kaupanger Idrettslag.

Trine Lerum Hjellhaug er godt kjend for mange som administrerande direktør i Lerum, men ho har også ei fortid som fotballspelar og har engasjert seg i Kaupanger Idrettslag.

Roy Aron Myklebust frå nordsida i Stryn underheldt forsamlinga som reinhaldaren «Lillian».

Festen baud elles på god mat og drikke i salane på hotellet.

Årdal synest det er vanskeleg å slå fast kor mange dugnadstimar som blir lagt ned i Jølster IL i løpet av eit år, men seier det er mange årsverk.

– Samfunnsnytta er enorm, og det bidreg til at både vaksne og barn får vere i aktivitet, seier han.

Årdal uttrykkjer takksemd for at så mange vil bruke av fritida si på idretten.

– Det er enkelt å vere leiar når så mange rundt bidreg, seier han.

Powered by Labrador CMS