
Jølstringar får legevakttenester frå Gloppen
Grunna vegstenginga på E39 mellom Moskog og Skei er det vanskeleg for berørte innbyggjarar å nå legevakta i Førde (SYSIKL) på vanleg måte.
Sunnfjord kommune opplyser at det er oppretta eigen legevaktberedskap innanfor det området som er avstengt mellom vegsperringane på Moskog og Skei.
Annonse
- Dei som bur på aust- og nordsida av vegsperringa i rundkjøringa ved Skei vil mellombels få tenester av legevakta i Gloppen så lenge vegen er stengt, heiter det på kommunen si nettside.
Alle innbyggjarar skal uansett nytte det vanlege legevaktsnummeret 116 117. Om det er akutt behov for hjelp, skal ein som elles ringe 113.