Det kan tyde på at det blir eit godt rypeår. Det er nemleg observert meir smågnagarar i fjellet og då har rovfugl og rev meir å ete enn berre rypekyllingar. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Kan bli mange slike i Sør-Noreg i år

Mykje smågnagarar i Sør-Noreg gir håp om ein god rypehaust.

Observasjonar frå fjellområde over store delar av Sør-Noreg tyder på at vi kan stå framfor eit lemenår, stadfestar seniorforskar Nina Eide ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) til NRK.

– Vi får meldingar frå feltoppsyn og forskarar om mykje aktivitet av lemen, særleg frå Hardangervidda og vidare nordover mot Innlandet, Trøndelag og til omtrent midt i Nordland, seier ho.

Ein auke i lemenbestanden har mykje å seie for økosystemet til fjellet. Fleire lemen betyr meir mat for rovfuglar og rovdyr som raudrev og fjellrev, noko som reduserer presset på rypekyllingar.

– Viss lemenbestanden held seg høg gjennom våren, kan vi få ein god rypehaust.

Tidlegare var lemenåra meir regelmessige, men dei siste tiåra har mønsteret endra seg. Klimaendringar, vintrar med mykje regn og islag på snøen kan knekke ein lemenbestand i vekst. (©NPK)

Powered by Labrador CMS