Ei oppteljing frå NRK viser at kommunedirektørar foreslo å legge ned 80 skular i 2024, men politikarane gjekk berre med på 20 av desse. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Kommuneekspert: Norske kommunar manglar omstillingsevne

Kommunar i Noreg manglar omstillingsevne, hevdar kommuneekspert Håvard Moe frå KS Konsulent

Dette kjem fram i samband med ein kommande debatt i Stormen bibliotek i Bodø, der temaet er politikarane si manglande evne til å ta nødvendige grep.

Ei oppteljing frå NRK viser at kommunedirektørar foreslo å legge ned 80 skular i 2024, men politikarane gjekk berre med på 20 av desse. I Bodø blei ingen skular lagde ned etter at foreldreaksjonar gav dei folkevalde kalde føter.

– Problemet er ikkje at det blir fleire eldre og færre yngre, problemet er at det blir ekstremt mange fleire eldre og mange færre yngre, seier Moe, som i mange år har reist rundt i Noreg og hjelpt kommunar med økonomiske utfordringar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS