Kvifor flyttar folk til fjells?

Eit nytt forskingsprosjekt ved Universitetet i Innlandet skal undersøkje kvifor folk flyttar frå sentrale strøk til fjellkommunar. No etterlyser forskarane folk som har flytta dei siste fem åra.

Prosjektleiar Aleksander Bern frå Østlandsforskning ved Universitetet i Innlandet seier i ei pressemelding at dei ønskjer å intervjue nyleg tilflyttarar for å få innsikt i kva som motiverer folk til å flytte til fjells.

Forskarteamet søkjer etter personar som har flytta til ein fjellkommune dei siste fem åra, frå ein av 26 namngivne kommunar i sentrale strøk.

– Vi vil helst snakke med dei som flyttar til ein kommune dei ikkje har vakse opp i, seier Bern.

Prosjektet, med tittelen «Flyttemotiv, haldningar og verdiar hos tilflyttarar i fjellkommunane», har som mål å utvikle kunnskap som kan hjelpe distriktskommunar med tilflyttingsarbeid. Det er 103 fjellkommunar i Sør-Noreg. Fjellkommunar dekkjer 40 prosent av Noregs landareal, men husar berre sju prosent av befolkninga.

Prosjektet er initiert av Fjellnettverket, eit politisk medlemsnettverk som arbeider for å skape livskraftige bygder. (©NPK)

Powered by Labrador CMS