Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Landbruksprogram vart braksuksess

«Jon blir bonde» er det mest sette programmet til TV Norge sidan 2005.

Programmet, der Jon Almaas deler det første året sitt som bonde, har vorte ein udelt suksess for TV Norge, melder avisa Nationen.

Det er det mest sette programmet på TV Norge på 20 år, og er også populært på strøymetenesta Max. Den sjuande episoden, som kom på søndag, hadde totalt 900.000 sjåarar.

Almaas har tidlegare avkrefta at han har gjort dette berre for å laga fjernsyn.

– Eg læst ikkje som om eg er bonde. Eg er bonde og driv jorda sjølv. Uansett om det blir ein sesong to på fjernsyn, så er det her me skal bu og leva, sa Almaas til Nationen tidlegare i år. (©NPK)

Powered by Labrador CMS