Mauren har vakna rekordtidleg i år. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK,

Mauren har vakna rekordtidleg i år

Milde temperaturar har vekt mauren rekordtidleg i år, og det er allereie meldt om ein stor auke i talet på førespurnader.

– Vi ser tydeleg at årets milde vinter har sett fart på mauren. Vanlegvis er maur eit sikkert vårteikn i april, men no har aktiviteten starta minst éin månad før normalt, seier fagsjef og biolog Ragna Byrkjeland i Norsk Hussopp Forsikring.

Så langt i år har forsikringsselskapet sett ein auke på 39 prosent i talet på saker samanlikna med same periode i fjor. Spesielt saker som gjeld stokkmaur har gått opp.

Mauren vaknar vanlegvis i april, men i år har dei tilsynelatande rulla ut av senga allereie i mars. Byrkjeland fortel at ein bør sikre sprekkar og andre opningar for å hindre mauren i å ta seg inn i bustaden.

– Når mauren vaknar tidleg på våren finst det lite eller ingen mat å finne ute. Dermed trekkjer den innandørs på leiting etter søtsaker og den slags. I dei fleste tilfelle er dette ikkje farleg og ingen grunn til panikk, seier ho. (©NPK)

Powered by Labrador CMS