- Vi veit ikkje kor lang tid reparasjonsarbeidet vil ta, seier Kjell Aske, brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune.

Mobilnettet til Telenor er nede i Breim

Telenor melder at eit reparasjonsarbeid har tatt lengre tid enn først planlagt. Dermed er mobilnettet for tida nede i Breim.

Publisert Sist oppdatert

Konsekvensen er at det er fleire basestasjonar i Gloppen kommune som ikkje fungerer. Ifølge Telenor har det ført til tap av mobildekning i områda rundt Byrkjelo, Reed, Årdal, Egge og Myklebust. Også ein del breibandkundar manglar samband. 

Dei som har fungerande internett (fiber) kan ringe via wifi. 

- Vakthavande brannbefal med naudnettradio er på Breim skule, og personar som treng hjelp av ein naudetat kan ta kontakt der, opplyser brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune, Kjell Aske. 

Powered by Labrador CMS