Biletet viser ei måneformørking i 2018 og vart teke i Eggedal i Buskerud. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Morgonfuglar kan sjå måneformørking i morgon

Er du tidleg på’n i morgon tidleg kan det hende du får med deg starten på ei måneformørking.

Fredag 14. mars byrjar nemleg måneformørkinga i Noreg, melder forskning.no.

På det sentrale Austlandet byrjar det tidleg på morgonen, og då kan du sjå månen mot vest.

Måneformørking oppstår når jorda går mellom sola og månen, og hindrar at sollyset når måneoverflata. Ifølgje nettstaden kjem vi ikkje i Noreg til å sjå at skuggen frå jorda dekkjer heile månen denne gongen.

– USA kjem til å sjå det langt betre. Dei får ei total formørking denne gongen, seier Pål Brekke, romforskar og fagsjef ved Norsk romsenter, til forskning.no. (©NPK)

Powered by Labrador CMS