
No kan 6-åringar betale med Vipps i kiosken
Vipps lèt no barn under 15 år betale til bedrifter og organisasjonar med Vippsnummer.
Tidlegare i år vart det mogleg for barn under 15 å tæppe med Vipps for kjøp i butikkar. No vil rundt 200.000 barn mellom 6 og 15 år også kunne betale med Vipps til kioskar og stands, som til dømes på fotballcup eller loppemarknad, skriv betalingsselskapet i ei pressemelding.
Funksjonen kan berre brukast når begge foreldre har godkjent bruk i sin eigen Vipps.
Annonse
– Det er viktig for oss at dette skjer på premissane til barna, men med foreldra i førarsetet. Barnet kan ikkje bruke funksjonen utan godkjenning, og foreldra kan når som helst skru han av igjen, seier gruppeproduktsjef Jørgen Selfors i Vipps.
Løysinga blir førebels støtta av DNB, Eika-bankane og SpareBank 1, som dekkjer rundt 70 prosent av Vipps-brukarane.
(©NPK)