Er du abonnent?
No må du logge deg inn på nytt
Onsdag klokka 13:00 set Firda Tidend på låsen på nettsida og abonnentar må logge seg inn på nytt.
Dersom du hadde brukar til den gamle nettsida vår, vil brukaren din bli med over til den nye. Men du er nøydd til å stadfeste brukaren din og lage deg nytt passord.
Dersom du er abonnent, men ikkje har laga deg brukar tidlegare, kontakt oss på abo@firdatidend.no eller ring 57 86 87 81, så legg vi inn epost og telefonnummer til deg.
Slik gjer du det sjølv:
Trykk her
Då kjem du til ei side der du blir beden om å legge inn e-postadressa di. Dette må vere den same e-posten som du brukte i det gamle systemet.
Trykk Neste
Ønskjer du å byte e-post, må du først gjennomføre denne godkjenninga og så endre e-post på mi side etterpå.
Dersom du ikkje er registrert med telefonnummer i systemet vårt, vil du bli beden om å leggje inn telefonnummer og for- og etternamn.
Trykk Neste
Då skal det bli sendt ein kode, enten til e-posten eller telefonen din, på melding. Legg inn denne koden. Dersom det ikkje kjem kode til e-posten din, hugs å sjekke "søppelposten", før du evt. tar kontakt med oss.
Trykk Neste
Då vil du bli beden om å lage deg nytt passord. Passordet må vere minimum seks teikn.
Legg inn det passordet du ønskjer å bruke i begge felta.
Trykk Neste
Då skal du ha fått laga deg eit nytt passord og kan logge deg inn på firdatidend.no og i den nye appen vår. Hugs at du må slette den gamle appen før du lastar ned den nye!
Får du det ikkje til og treng hjelp; ta kontakt med oss på abo@firdatidend.no eller ring 57 86 87 81 kvardagar mellom kl. 8 og 15.
Du kan òg ta turen innom avishuset i Nordstrandvegen 4 på Sandane.
Lukke til!