
Norske hushald har avlyst trua på rentekutt
Sju av ti hushald trur ikkje det blir rentekutt det neste året, viser NBBLs bustadbarometer. Likevel trur like mange at bustadprisane framleis vil stige.
To dagar før Noregs Bank legg fram den nye renteavgjerda si, legg NBBL fram bustadbarometeret sitt for mars. Forventningane til renteutviklinga har halvert seg sidan januar, då 65 prosent av dei spurde sa dei venta at bustadlånsrenta skulle setjast ned.
I målinga for mars er dette talet redusert til at berre 32 prosent ventar rentekutt, medan 38 prosent trur på uendra rente, og 30 prosent trur renta vil vere høgare eitt år fram i tid.
– Det er heilt tydeleg at uvissa om lånekostnadene er tilbake, seier sjeføkonom Hilde Midsem i NBBL.
Trua på at bustadprisane skal halde fram med å auke er likevel høge. I alt 72 prosent av hushalda skal auke dei neste 12 månadene. Berre 4 prosent trur på ein nedgang.
I alt 1000 personar har svart på undersøkinga Opinion har utført for NBBL og som måler forventningane til renter på bustadlån og bustadprisar. (©NPK)