![Jarle Brattespe er ny leiar i Vestland SV.](https://image.firdatidend.no/448557.webp?imageId=448557&x=0.00&y=23.75&cropw=100.00&croph=42.79&width=960&height=548&format=jpg)
Ny leiar i Vestland SV
Jarle Brattespe er ny fylkesleiar i Vestland SV.
Brattespe har tatt steget frå politisk nestleiar til leiar av fylkeslaget. Eit samla fylkesårsmøte valde hardingen, 39, busett i Bergen, til stor applaus. Han tek over vervet etter Hege Lothe, 1. kandidat i Sogn og Fjordane valkrins.
- Eg takkar Hege for ein enorm innsats over seks år. Ho har vore avgjerande i å bygge eit vitalt og samla fylkeslag, seier Brattespe i ei pressemelding.
Den nye leiaren ser fram til samarbeidet med det nye styret og gler seg til å kome i gang med valkamp.
– Den komande valkampen blir eit avgjerande retningsval, mellom at SV framleis skal ha ei hand på rattet, eller ei blå-grå regjering.
I val av fylkesstyre, valde fylkesårsmøtet Eva Mikkelsen frå Bergen som organisatorisk nestleiar, Erle Liliane Wesenlund frå Ullensvang er ny kvinnepolitisk leiar, og nytt styremedlem er Bente Nilsen frå Kvinnherad.
Mari Svartveit Hansen frå Ullensvang er vald inn for to nye år som styremedlem, Jens Revold frå Bergen fekk også attval som miljøpolitisk leiar og Silje Nordtveit Olsen, 3. kandidat til stortinget frå Hordaland, trer inn i ny rolle som folkevaldansvarleg i fylkesstyret.
Fylkesstyret elles består av Asle Olsen, økonomiansvarleg, Kai Øystein Søvde, distriktspolitisk ansvarleg, Knut Remi Heimvik, fagpolitisk ansvarleg og Milkissa C. Wodajo som leiar av inkluderingspolitisk utval.
Valnemnda har bestått av Veronicka Ruud (leiar), Hege Lægreid Røssland, Magne Aardal, Bente Nilsen, Gjermund Lygre Kongsvik og Andreas Liheim.