
Ny oppgang i shoppinga i mars
Omsetningsvolumet i detaljhandelen gjekk opp med 0,6 prosent frå februar til mars. Det er særleg omsetninga i byggjevarehus og elektronikkbutikkar som aukar.
– Oppgangen på 0,6 prosent i mars er i tråd med trenden som viser ein jamn auke for detaljhandelen det siste halve året. I forkant av denne auken har trenden vore forholdsvis flat sidan starten av 2023, seier førstekonsulent Didrik Boe-Tangen i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Nye tal frå SSB viser at omsetningsvolumet i detaljhandelen auka med 0,6 prosent frå februar til mars. Det kjem etter ein liten nedgang på 0,1 prosent frå januar til februar.
Annonse
Samla for første kvartal i år voks omsetninga med 1,5 prosent sett i forhold til fjerde kvartal.
Ifølgje SSB står byggjevarehus og elektronikkbutikkar for den største auken i omsetninga, saman med drivstoff.
Daglegvarebutikkar hadde noko nedgang og bidrog til å dempe den samla oppgangen. (©NTB)