Foto: Stortinget.

- Opptatt av å sikre klare føringar for jordbruksforhandlingane

Semje om talgrunnlag i jordbruket.

 Ap, Sp, Venstre, KrF og Pasientfokus – som til saman utgjer eit fleirtal på Stortinget - er enige om prinsippa for talgrunnlaget i dei årlege jordbruksoppgjera.

- Venstre er opptatt av å sikre klare føringar for jordbruksforhandlingane som kan stå seg over tid, og hindre at landbruket blir offer for politisk spel frå fløyparti som Rødt, SV og FrP. Norsk landbruk og norske distrikt treng den avklaringa på tvers av «midtstreken» i politikken som Venstre no er med å sørge for.

Det seier Venstre sin næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

Venstre er også glade for å få på plass eit talfesta økomål på 10% økologisk landbruk innan 2032 – kombinert med verkemiddel som sikrar auka omsetning og etterspørsel etter økologisk mat.

- Norge heng langt etter våre nordiske naboland på økomat. Eit skikkelig norsk økoløft er etter Venstre sitt syn viktig for både miljø, mangfald i landbruket og framtidig sjølvforsyning. No kan eksisterande og nye økobønder omsider få den føreseielegheita dei treng for å satse, investere og planlegge auka produksjon.

- Eg ser fram til den varsla Nasjonale strategien for økologisk jordbruk som skal kome om kort tid, bygd på økomålet vi no slår fast. Venstre og eg forventar at talfesta ambisjonar for offentlig innkjøp av økologisk mat er del av den nye økostrategien, bygd på det vi no er einige om på Stortinget, seier Alfred Bjørlo.

Powered by Labrador CMS