Frå 1. april aukar plastposekontingenten til Handelens miljøfond med 1 krone. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Plastposeprisane aukar igjen

Handelens miljøfond set opp plastposekontingenten med endå 1 krone. Målet er å nesten halvere plastposebruken i Noreg innan utgangen av 2025.

Mange butikkar og kjeder i Noreg er medlem i Handelens miljøfond og betaler ein kontingent på plastposar til fondet. Frå 1. april aukar kontingenten frå 3 til 4 kroner.

Plastposane har kosta rundt 5,50 kroner i butikken det siste året. Med ein auke på éi krone vil dei koste 6,50 kroner per stykk.

– Forhåpentleg vil ein auke i plastposekontingenten gjere at etternølarane også droppar plastposen, seier dagleg leiar Cecilie Lind i Handelens miljøfond til VG.

På starten av året viste tal at nordmenn i snitt bruker 70 plastposar i året. Miljøfondet håpar tiltaket skal gjere at vi møter EUs krav om maks 40 posar per innbyggjar innan utgangen av 2025.

– Det er inga statleg avgift, men ein frivillig kontingent som går til arbeidet med å løyse miljøutfordringane i plasten, seier Lind.

Nedgangen på 30 posar i året som trengst for å nå EUs krav, er den same vi har hatt dei siste to åra etter at prisen på plastposar har auka. Til samanlikning brukte svenskane i 2024 under 20 plastposar per innbyggjar.

Ei undersøking frå Opinion viser at 68 prosent av nordmenn meiner plastposekontingenten er eit godt eller svært godt tiltak, og åtte av ti bruker handlenett kvar veke eller oftare. (©NTB)

Powered by Labrador CMS