
Politiet åtvarar mot politi-svindel
Fleire personar har opplevd å bli svindla av nokon som gir seg ut for å vere frå politiet. Politiet tilrår å vere årvaken.
Politiets Operasjonssentral har måndag ettermiddag fått inn fleire meldingar frå folk som har vorte, eller vorte prøvd svindla.
Svindlaren gir seg ut for å vere frå politiet i Nordland og prøver å få tak i person- og bankopplysningar.
Annonse
– Politiet i Nordland ber folk vere merksame og vere klare over at politiet aldri ber om bankopplysningar via telefon eller nett, uttaler Remi Johansen i politiet. (©NPK)