Politiet måtte ta hand om rusa og hissig mann

Publisert Sist oppdatert

Politiet rykte seint laurdag kveld ut til Scandic Sunnfjord Hotel i Førde etter melding om ein rusa og hissig person som ikkje ville forlate staden. 

Vedkomande hamna i krangel med vaktene, han skal mellom anna ha forsøkt å presse seg forbi for å kome inn. 

Då politiet kom, trefte dei ein rusa mann (18) som blei teken med på utsida og gjeve eit pålegg om å halde seg vekke frå området kring hotellet til etter kl. 07:00 neste morgon. 

Personen forlet så staden. Ingen blei påført skade i hendinga.  

Powered by Labrador CMS