Postkassa bør få stå, meiner Posten. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Posten-forslag: Framleis brev i postkassene, men berre éin dag i veka

Posten avviser Postutvalgets forslag om å flytte all post til hentestad, framfor å få det i postkassa. Men dei foreslår å redusere talet på leveringsdagar.

– Posten meiner at posttenesta i framtida bør vere levering i postkasse éin dag i veka, moglegheit til å velje hentepunkt og ei dørterskelteneste for dei eldste i befolkninga med personleg overlevering av post og eit eige informasjonsskriv frå kommunen, skriv Posten i ei pressemelding om høyringssvaret sitt.

I desember leverte det regjeringsoppnemnde Postutvalet utgreiinga si, som foreslo at ein ikkje lenger skulle få brev levert til seg sjølv. I staden skulle alle brev leverast til såkalla hentestader – til dømes post i butikk.

Så langt ønskjer altså ikkje Posten sjølv å gå. Dei peikar likevel på at digitalisering, eldrebølgja og ein ny tryggingspolitisk situasjon gir nye utfordringar.

– Den omstillinga vi no står overfor, gir oss høve til å svare på desse behova og samtidig leggje tenester med ny samfunnsverdi inn i det unike nasjonale brevnettet vårt. Posten har ei sentral rolle i det norske samfunnet, og det vil vi også ha i framtida. Vi håpar regjeringa ser at dette er rett tidspunkt til å nytte den moglegheita, seier konsernsjef Petter-Børre Furberg i Posten Bring.

Mellom anna foreslår dei å utvide ei teneste Posten har testa i nokre kommunar det siste halvtanna året: ei dørterskelteneste til eldre over 75 år, der desse får levert posten på døra, i staden for i postkassa. (©NTB)

Powered by Labrador CMS