
Raude farevarsel og åtvaring om vindkast med orkans styrke – nytt farevarsel på gang
Den atmosfæriske elva over Vestlandet kan føre til vind med orkan styrke i kasta. Det er sendt ut to raude og to oransje farevarsel.
Det er venta å komme mellom 80 og 120 millimeter nedbør på eitt døgn onsdag. I enkelte strøk kan det komme mellom 120 og 150 millimeter, skriv TV 2.
Dei raude farevarsla gjeld snøskred og flaum. Dei oransje farevarsla gjeld regn og dessutan jord-, sørpe- og flaumskred.
– Som venta tok det seg opp i går kveld, og så har det stått på i natt, seier meteorolog Alexander Skeltved ved Meteorologisk institutt til TV 2.
Frå onsdag ettermiddag vil det igjen ta seg opp med store nedbørsmengder frå klokka 12 og til midnatt.
Farevarselet for nedbør varer til tidleg torsdag morgon. Det raude farevarselet for flaum vil gjelde til fredag morgon, opplyser vakthavande meteorolog Sander Løklingholm ved StormGeo overfor TV 2.
Det blir mest nedbør i Vestland fylke, medan i Rogaland vil det stoppe utover dagen. Men eit nytt farevarsel er i vente, og då vil fleire landsdelar kjenne på kreftene. (©NPK)