Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier Noreg blir eit føregangsland med det nye forbodet mot marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Regjeringa forbyr marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn

Regjeringa hausta kritikk for forslaget om å forby marknadsføring av usunn mat og drikke som er særleg retta mot barn. Fredag vart forskrifta vedteken.

– Vi er opptekne av at barn og unge skal ha god helse, og at det skal vere lett å ta gode val i kvardagen. Regjeringa gjennomfører dette grepet fordi vi er opptekne av å verne barna våre og helsa deira, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Forslaget om forbod er ei oppfølging av Folkehelsemeldinga, og regjeringa sende det på høyring i august i fjor.

Justert etter 150 innspel

I høyringsrunden kom det inn rundt 150 innspel, og Helse- og omsorgsdepartementet konstaterer at det «har blitt møtt med mykje engasjement.» Det blir samtidig understreka at forskrifta er justert og gjort tydeleg for å komme problemstillingane i møte som vart spelt inn i høyringsrunden.

Blant desse justeringane er at det er teke inn eit unntak for å bruke varemerke i samband med sponsing, så lenge det ikkje er eit varemerke for konkrete produkt som blir omfatta av produktlista.

– Med denne forskrifta er Noreg eit føregangsland. Vi tek ansvar og legg til rette for at færre barn blir utsette for negativt press som fører til eit usunt kosthald, som igjen kan vere skadeleg for helsa til barna, seier Vestre.

Kritikk

NHO Mat og Drikke var svært kritisk til forslaget i fjor haust og peika på at det inneber eit tilnærma marknadsføringsforbod for ei rekke produkt uavhengig av aldersgrupper, ikkje berre eit avgrensa forbod mot marknadsføring mot barn. Dei meiner også at forskrifta er uklar og i praksis berre rammar norske produsentar.

Regelrådet, som er eit statleg organ som uttaler seg om forslag til nye lover og reglar som påverkar arbeidsvilkåra til bedriftene, meinte i fjor haust at forslaget var for dårleg utgreidd. Dei gav det derfor raudt lys, som er deira lågaste av tre karakterar på utgreiingskvalitet.

Kreftforeningen jublar

Kreftforeningen meiner forbodet er fantastiske nyheiter og meiner Noreg tek eit viktig steg i global samanheng.

– Vi i Kreftforeningen har kjempa i årevis for at politikarane skal innføre strengare reglar for marknadsføring av usunn mat og drikke mot barn og unge. Vi er derfor utruleg glade for dagens nyheit! Dette er eit enkelt tiltak som gir barn og unge eit betre utgangspunkt for ei god helse gjennom livet, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross.

– Det er godt dokumentert at det er ein samanheng mellom det barn og unge blir eksponerte for og det dei konsumerer, understrekar ho.

Powered by Labrador CMS