
Robuste barn – ei felles reise
Kva betyr det eigentleg å vere ein god forelder? Korleis kan vi hjelpe barna våre til å tole livet – utan å måtte vere «perfekte» sjølve?
Dagens foreldre har gjerne eit anna barnesyn enn det eigne foreldre hadde.
Har meir kunnskap
Vi ser barnet, møter det i kjenslene og har meir kunnskap enn før om korleis vi kan bidra til god psykisk og fysisk helse. Det er mykje som er bra – faktisk har dei fleste barn det godt i dag. Og saman kan vi gjere det endå betre. Likevel er det ikkje alltid lett.
Enkelte dagar og situasjonar tek vi val som vi veit ikkje nødvendigvis er så smarte - og det må vere «lov». Det viktigste er at kvardagen er føreseieleg, og at barna kjenner at dei vaksne tek ansvar og set sunne grenser. Foreldre veit at då vert barna trygge, og då har dei det godt.
Inviterer til foredrag
Motstand vil alle foreldre oppleve anten det er i tida med barnehagebarn, skulebarn eller ungdomar. Dette foredraget vil gje gode tips og tankar som kan nyttast opp gjennom oppveksten til barn og unge.
I Gloppen er vi heldige. Vi står ikkje åleine – vi står i lag. 22. april inviterer Gloppen kommune alle foreldre til ein kveld med påfyll, refleksjon og inspirasjon.
Psykologspesialist Line Marie Warholm kjem til Kultursalen på Sandane for å halde foredrag om “Robuste barn”, men eigentleg handlar det mest om oss vaksne: Korleis vi kan vere trygge, varme og tydelege – og støtte kvarandre som foreldre.

- Vi løftar kvarandre
Dette er ikkje ei vurdering av kven som «får det til» eller ikkje. Det handlar om fellesskap. Om å vere ei bygd der vi løftar kvarandre og viser kvarandre tillit.
Som styrarar i Gloppen-barnehagane har vi teke intiativ til dette foredraget, og kommunalsjef for oppvekst har følgt opp både praktisk og økonomisk.
Vi ser det som viktig å legge til rette for slike kveldar – ei aktiv og omsorgsfull handling for alle barn og foreldre i bygda vår.
- Book barnevakt
Book barnevakt, ta med ein ven - eller gjer det til ein date. Velkommen til ein kveld for utvikling og inspirasjon – i lag!
Tid og stad:
Tysdag 22. april.
Kultursalen, Trivselshagen
Det er lagt ut eit avgrensa tal gratisbillettar – du finn dei på nettsida til Trivselshagen.