
Skulen blir stengt torsdag
Som følgje av at fleire stengde vegar og Firda Billag ikkje køyrer fleire ruter, har beredskapsleiinga i Sunnfjord kommune bestemt seg for å be elevar i følgjande område om å halde seg heime torsdag:
Skei skule: Elevar i området Sørsida av Jølstravatnet og langs E39 frå Skei og vestover
Vassenden skule er stengt
Naustdal skule: Vevring og langs vegen frå Vevring til Naustdal
Sande skule: Elevar frå Guddalen, Elevar på strekninga Osen bru – Hjelmeland kryss og på strekninga Laukeland - Bruahaugen
Bygstad skule: Elevar på strekninga Osen bru – Hjelmeland kryss og på strekninga Laukeland - Bruahaugen
- Føresette som vel å halde eleven heime i andre område grunna reelle utfordringar knytte til vér og føre vil ikkje få registrert fråvær, men send melding til skulen om at eleven blir heime. Føresette i andre område må gjere vurderingar i høve vegmeldingar og eventuelt stengde vegar, skriv kommunen i ei pressemelding tidleg torsdag morgon.