Sofapartiet er blitt større

Publisert

Stadig fleire nordmenn vel å ikkje stemme ved val. Ved lokalvalet i 2023 nytta berre 62,4 prosent av veljarane stemmeretten sin. Analysesjef Thomas Tallaksen i Fagforbundet meiner hovudårsaka er avstanden mellom politikarar og vanlege folk.

Tallaksen hevdar at politikarar snakkar på ein måte som folk ikkje forstår, og at dei ikkje forstår kvardagen til vanlege menneske. Dette gjer det vanskeleg for veljarar å vite kven dei skal stemme på , skriv Frifagbevegelse.

Gruppa av heimesitjarar, kjent som «Sofapartiet», aukar. Berre seks av ti stemte i 2023, medan Ap, det største partiet, fekk 26,3 prosent oppslutning. Heimesitjarane utgjorde altså ei langt større gruppe.

Valforskar Johannes Bergh påpeikar at det er store sosiale forskjellar mellom dei som stemmer og dei som ikkje gjer det. I Oslo er det til dømes mykje lågare valdeltaking i austlege bydelar samanlikna med dei vestlege.

– Andelen med innvandrarbakgrunn som stemmer har gått ned. Det har gått mest ut over Arbeidarpartiet. Folk med innvandrarbakgrunn som tidlegare har stemt på dei er blitt heimesitjarar, seier Bergh. (©NPK)

Powered by Labrador CMS