Frå fv. 55 Sognefjellsvegen, siste innspurt i snøbrøytinga 24. april før opning.

Sognefjellsvegen opnar fredag

Etter ein vinter med litt under normal mengde snø på Sognefjellet, opnar fylkeskommunen fv. 55 Sognefjellsvegen over heile fjellet fredag 25. april.

– Vi er glade for å kunne opne denne spektakulære fjellovergangen ei veke før kontraktsfesta opningsdato 1. mai, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

– Men det finst enno isete parti på vegen, så vi tilrår trafikantane å bruke vinterdekk når dei skal over, legg ho til.

Det er ikkje nattestenging når vegen blir opna fredag. Sognefjellsvegen fører til eit turterreng der ein enno kan gå på ski på toppar på over 2000 m.o.h., og det er preparert skiløyper rundt Sognefjellshytta.

Det er mellom Hervadammen i vest og Krossbu i aust at det kan vere isete parti på vegen. Det har vore litt mindre snø i vegen enn det som er normalt på Sognefjellet denne vinteren, med brøytekantar på opp til åtte meter.

Powered by Labrador CMS