Mindre søvn natt til søndag, men meir dagslys framover er i vente når vi stiller klokka til sommartid. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Søndag får du ein time mindre med søvn

Natt til søndag blir klokka stilt fram ein time, og vi går frå normaltid til sommartid.

– Når vi stiller klokka ein time fram, så mistar vi ein time søvn, men vi får ein time meir dagslys. Vi går lysare tider i møte, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Som næringsminister er ho ansvarleg for Justervesenet, som sørgjer for at dei norske atomklokkene går rett, og at tida er så nøyaktig som mogleg.

Når vi stiller klokka éin time fram «mister» vi timen mellom klokka 2 og 3. Denne timen «får vi tilbake» til hausten når klokka igjen skal stillast tilbake til normaltid. I år skjer det natt til søndag 29. oktober.

Det har vore diskusjon i fleire land om å slutte med å stille klokka fram og tilbake. EU-kommisjonen stemde for dette i 2019, og EU-parlamentet i 2020. Koronapandemien og seinare krigen i Ukraina og energikrise sette likevel ein stoppar for nye behandlingar av forslaget. (©NPK)

Powered by Labrador CMS