Eit forslag frå Høgre om å avvikle normprisrådet blir behandla i Stortinget tysdag. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Sp går inn for å endre lakseskatten - truleg fleirtal i Stortinget

Senterpartiets stortingsrepresentantar stemmer imot Arbeidarpartiet og saman med Høgre for å endre lakseskatten som dei sjølv innførte for to år sidan.

Sps landsmøte vedtok i helga å skrote det såkalla normprisrådet for havbruk, som skal setje ein pris på laksen når han forlèt merden han veks i.

Prisen blir brukt til å berekne grunnrenteskatten, også kalla lakseskatten, som vart lansert av Sp-leiar og dåverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum i 2022, då dei sette i regjeringa med Ap.

Eit forslag frå Høgre om å avvikle normprisrådet blir behandla i Stortinget tysdag. 

Får fleirtal i Stortinget

Før helga var det usikkert om forslaget kom til å få fleirtal, men måndag stadfestar Geir Pollestad i Sp overfor Adresseavisen at partiet kjem til å sikre fleirtal for å avvikle normprisrådet.

– Vi vil følgje opp landsmøtevedtaket. Høgre er mindre oppteken av å vareta dei små og mellomstore aktørane i oppdrettsnæringa enn Senterpartiet, så vi vil ta omsyn til det òg. Eksakt korleis vi følgjer opp vedtaket jobbar vi med, men det vil bli eit fleirtal mot normprisrådet i morgon, seier Pollestad.

Også Framstegspartiet og KrF har vedteke at dei vil fjerne normprisrådet.

– Viktig for føreseielegheit

Oppdrettsbransjen har meint at rådet fører til uføreseielege kostnader og feil verdisetjing av laksen. Det same påpeikar Høgres fiskeripolitiske talsperson, Olve Grotle.

 – Det er viktig for føreseielegheita for næringa at vi får fleirtal bak forslaget vårt om å avvikle normprisrådet. Det har dessverre vore altfor mange døme på at Støre-regjeringa har skapt uvisse for norsk næringsliv dei siste åra, skriv Grotle til NTB.

Motparten fryktar ei avvikling vil bety at oppdrettsnæringa vil manipulere prisen – og dermed også skatten dei må betale – dersom dei sjølv skal oppgi kor mykje laksen er verd på veg ut av merden.

Powered by Labrador CMS