Ole André Myhrvold (Sp) trur spørsmålet om avgift på kjøtt blir høgaktuelt når den nye klimameldinga blir lagd fram. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Sp vil ha kjøtt-garanti frå Stoltenberg

Sp er bekymra for at regjeringa planlegg avgift på kjøtt og kunstgjødsel og håpar at finansminister Jens Stoltenberg (Ap) kan love at det ikkje blir noko av.

Men noko slikt løfte kom ikkje då Stoltenberg vart utfordra i Spørjetimen i Stortinget onsdag. Stortingsrepresentant Ole André Myhrvold viste til at Senterpartiet gav klar beskjed om at det var uaktuelt å innføre slike avgifter då dei sat i regjering.

Han ønskte seg eit forpliktande svar om at kjøtavgift ikkje ligg på bordet.

– Kan finansministeren gi ein klar garanti på at vi ikkje får avgift på mat gjennom kjøt og gjødsel, spurde han.

Røper ingenting

Stoltenberg viste til Arbeidarpartiets linje om at det samla skatte- og avgiftsnivået skal vere uendra. Aukar skatt på eitt område, skal skatt eller avgift gå ned tilsvarande på eit anna område.

Men finansministrane vil ikkje seie noko om justeringar innanfor denne ramma.

– Eg kjem ikkje til å fortelje akkurat kva skattar og avgifter som skal ned. Men det eg kan fortelje, er at vi altså ikkje skal auke det samla skatte- og avgiftsnivået, sa Stoltenberg i Stortinget.

Ventar på klimameldinga

Senterpartiets avgift-uro er knytt til klimameldinga som skal leggjast fram før påske. Der skal regjeringa melde inn nytt klimamål til Parisavtalen for 2035.

Senterpartiet har tidlegare teke tydeleg til motmæle mot å diskutere CO2-avgift på jordbruket som ein del av klimagrepa – ei liknande løysing som allereie er innført i Danmark. For fire år sidan gjekk Sp saman med Ap og Frp om eit forslag i Stortinget om å seie nei til klimaavgift på kjøt.

– No ventar ei klimamelding i Stortinget, og spørsmålet er om ein ser for seg høgare CO2-pris enn Stortinget så langt har vore med på, sa Myhrvold.

– Rammer urettferdig

Senterpartileiar og tidlegare finansminister Trygve Slagsvold Vedum har tidlegare slått fast at primærvarer som kjøt, brød og mjølk bør å vere i fred for avgifter. Dei rammar skeivt – både sosialt og geografisk, tilføyer partifellen Myhrvold. Auka kjøtprisar vil også føre til auka grensehandel, meiner han.

– Avgifter er ein drivar for forskjellar. Dei rammar dei med lågast inntekter hardast, sa Myhrvold.

Stoltenberg viste til at konkrete skatte- og avgiftsendringar er noko som regjeringa legg fram i budsjettforslaga sine.

– Akkurat kva avgifter og kor mykje kjem vi til å seie i kvart enkelt budsjett, sa han. (©NPK)

Powered by Labrador CMS