Stardalen kåra til «årets bygd»
Under Sunnfjordgallaen i Førde laurdag kveld stakk Stardalen av med prisen som «årets bygd».
Det vart delt ut fleire ulike prisar under Sunnfjordgallaen i Førde laurdag. 350 nominasjonar kom inn i dei ulike kategoriane, skriv Firda.
I kategorien «årets bygd/tettstad/grend» gjekk Stardalen til topps.
Engasjement og dugnadsinnsats blei trekt fram som positive sider ved bygda, som lukkast med å på folketalsvekst der mange bygder slit.
– Mot alle odds flyttar folk til og blir verande – på denne vakre staden tett oppunder breen, har juryen skrive i grunngjevinga.
– Heilt fantastisk
Natalia Anna Fonn, som er busett i Stardalen, tok imot prisen på vegner av bygda. Ho fortel at det var vill jubel i salen då Stardalen blei ropt opp som vinnar, og opplevde at det var mange som unnte dalen prisen.
– Det var heilt fantastisk. Eg er kjempestolt – stolt stardøling og stolt av Stardalen som dal. Eg synest Stardalen er unik og spesiell. Eg kryssa fingrane veldig hardt og håpte det vart Stardalen, fortel ho.
At det er mange tilflyttarar, og blant dei barnefamiliar, som slår seg ned i dalen blei trekt fram i grunngjevinga. Også dei årlege Bygdenæringsdagane, dugnadsånda, Stardalen Mannskor, Stardalen Sommarkafé, Stardalen barnehage, hyttegrenda, Høyseth camping og bøndene i dalen blei nemnde.
– Det er mykje liv og røre i Stardalen som folk trekkjer til, seier Fonn.
Nemnde skulesaka
Fonn bur i Stardalen med familien, og har halde til der i 18 år. Ho kallar Stardalen eit paradis.
– Det er ei perle, med breane, fjella og fossane. Det er ei spesiell ro når du kjem inn i Stardalen. Men det handlar òg om folka som vil kvarandre godt og som samarbeider godt. Det kjennest som ein svær familie, seier Fonn.
I takketalen, og med Sunnfjord-ordførar Jenny Følling ved sida av seg, nytta Fonn også høvet til å kome med eit lite meiningsinnlegg i den pågåande skuledebatten.
– Eg sa at det er mange innflyttarar i Stardalen, det er mange som vender tilbake og skaper familiar. Eg sa at barna i Stardalen fortener ein god oppvekst, derfor håpar eg at Skei barne- og ungdomsskule kan få leve. Det er ei viktig sak for Stardalen, seier Fonn.
Stardalen Mannskor song
Stardalen synte att også på andre måtar under Sunnfjordgallaen.
Før jul fekk Stardalen Mannskor kulturprisen til Sunnfjord kommune. Koret kvitterte med song frå scena under opninga av gallaen.
– Det var òg til vill jubel. Det var rørande, vakkert og skikkeleg fint, fortel Natalia Anna Fonn.