![Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Høgre-leiar Erna Solberg står kanskje langt ifrå kvarandre på dette biletet, men i spørsmålet om ein ny EU-debatt står dei samla. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.](https://image.firdatidend.no/449053.webp?imageId=449053&width=960&height=548&format=jpg)
Støre og Solberg åtvarar mot ny EU-kamp
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) trur ein ny EU-kamp kan vere med på å polarisere samfunnet. Han får full støtte frå Høgre-leiar Erna Solberg.
– Akkurat i desse dagar når det kjem tollmurar mellom USA og Europa, så må vi bruke kreftene på den avtalen vi har med Europa, og ikkje på noko anna, seier Støre til Klassekampen.
Støre er sjølv ein ja-mann, men han fryktar at ein ny EU-debatt kan vere med på å skape splid i befolkninga.
– Dette er ikkje ei tid for ei skarp polarisering i samfunnet vårt, som EU-debatten tidlegare har vore, legg han til.
Erna Solberg, ein sterk tilhengar av norsk EU-medlemskap, er samd med statsministeren om at dette er eit dårleg tidspunkt for ein ny debatt.
– Eg er samd med Støre om at det ikkje er noko poeng gi å blåse liv i ein fullskala EU-debatt, når vi veit at folk ikkje er klare for han, seier Solberg.
Ho seier at det er uaktuelt å melde Noreg inn i EU utan ei folkeavstemming, noko ho seier ikkje kjem til å skje i neste stortingsperiode, dersom Høgre overtek makta. (NPK)