![Fleire demonstrerte utanfor Stortinget tysdag i eit forsøk på å få stortingsfleirtalet til å snu. Det gjorde dei ikkje. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.](https://image.firdatidend.no/449227.webp?imageId=449227&width=960&height=548&format=jpg)
Stortinget stemde for å opne for kraftutbygging i verna vassdrag
Eit breitt fleirtal i Stortinget stemde for det omstridde forslaget som opnar for at det kan byggjast ut kraftverk i verna vassdrag under visse føresetnader.
Eit breitt fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet stemde for forslaget.
Blant representantane som var i salen, stemde 78 representantar for, medan 21 stemde mot.
Vedtaket går ut på at Noregs 390 verna vassdrag kan opnast for kraftverksutbygging.
Føresetnadene for opning er at samfunnsnytta – til dømes i form av flaumdempande effekt – blir vurdert som stort. Og at miljøkonsekvensane blir rekna som akseptable.
Saka har vekt stort engasjement. Tysdag demonstrerte fleire organisasjonar utanfor Stortinget, og blant dei var miljøaktivist Greta Thunberg.
– Norske politikarar foreslår å rive opp allereie ekstremt utvatna kompromiss og seie at det er ok å ofre fleire verna vassdrag. Alt i gjerrigheitas namn, sa ho.
Direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner at det neppe blir mange kraftprosjekt ut av endringane.
– Det er neppe stort potensial for utbygging i verna vassdrag, med mindre ein ønskjer å gyve laus på den vakraste, mest verdifulle naturen vi har, sa han til NRK tysdag.