Riksantikvaren har løyvd 1,3 millionar kroner til Fortidsminneforeningens prosjekt «Lys i gamle hus». Foto: Trond Isaksen/Riksantikvaren.

«Tinder» for gamle hus

Fortidsminneforeningen får 1,3 millionar kroner frå Riksantikvaren for eit prosjekt som skal oppfordre til busetnad i gamle hus.

Publisert Sist oppdatert

– Prosjektet «Lys i gamle hus» skal matche tomme hus med potensielle nye eigarar for å skape liv, busetnad og vern, seier riksantikvar Hanna Geiran, i ei pressemelding.

Ifølgje Geiran kan prosjektet best skildrast som «Tinder» for gamle hus og nye eigarar.

I første omgang er det i kommunane Sør-Aurdal, Kvitsøy, Heim, Vinje og Rollag som skal delta i prosjektet.

Saman med Fortidsminneforeningen skal kommunane setje i gang tiltak og aktivitet for å fremje mellom anna bulyst og bygningsvern. Dette skjer i samarbeid med lokale prosjekttilsette. (©NPK)

Powered by Labrador CMS