Utvidar sikting mot sunnfjording

Siktinga mot ein sunnfjording i 40-åra, som har vore sikta for valdtekt av fire born under 14 år, er utvida til å gjelde fem born.

– Men vi har grunn til å tru at det kan vere endå fleire fornærma, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK. Ho vil ikkje seie kvifor dei trur dette.

Alle dei fornærma skal vere frå Sogn og Fjordane, og ifølgje aktor har overgrepa skjedd frå 2011 og fram til september i fjor.

Mannen blei onsdag varetektsfengsla i fire nye veker med fullt brev- og besøksforbod. Han har sete fengsla sidan oktober.

Powered by Labrador CMS