
Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre
Det er svært store utfordringar på vegane på Vestlandet på grunn av mykje regn, skred og flaum.
Situasjonen er uoversiktleg og utviklar seg svært raskt. Vi forventar at fleire vegar kan bli stengt av skred eller flaum på kort varsel.
– Vi ber alle om å vurdere om dei verkeleg må ut på vegen. Situasjonen er uavklart i heile Vestland. Terrenget er vassmetta, det regnar framleis og flaumtoppen i vassdraga er ikkje nådd. Det er mykje overvatn på vegane. Det er fare for alle typar skred. Vi ber instendig alle om å vurdere om dei må ut på vegen i kveld og i natt, seier Svenn Finden.
Politiet og Statens vegvesen oppmodar alle om å begrense trafikken på vegane til eit minimum.
– Det er svært sjeldan at vi går ut med denne typen bodskap, men no finn vi det riktig, seier Finden.
Sjå oversikt over stengde og kolonnekøyrde vegar i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag (lenka blir oppdatert automatisk).
Vegar som er eller blir stengt på grunn av skred blir ikkje bli opna igjen før torsdag.
Viss du må ut på vegen: Orienter deg, berekn god tid og køyr etter forholda
– Trafikantar som må ut på vegane i dei aktuelle områda bør sørgje for å vere godt førebudd. Sjekk vêr- og føremeldingar, og hald deg oppdatert undervegs, oppmodar Finden.
– Det beste tipset eg har er å laste ned appen Vegvesen trafikk, og aktivere varsel for området du ferdast i. Då er du alltid oppdatert på dei viktigaste trafikkmeldingane som er relevante for deg, seier han.
Finden ber også trafikantar ta ekstra forholdsreglar, med tanke på at både vegar, bruer og fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel:
– Syt for at bilen har full tank eller fullt batteri, og ta med ekstra drikke, mat og varme klede. Då er du betre rusta viss du blir ståande i kø, seier han.
Her finn du oppdatert informasjon:
- www.vegvesen.no/trafikk (trafikkinformasjon)
- Informasjon om appen Vegvesen trafikk
- www.varsom.no (farevarsel)