
Vedum meiner EU blir den viktigaste saka i valkampen
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier EU blir den viktigaste saka i valkampen etter at Høgre gjekk inn for å jobbe aktivt for EU-medlemskap.
Vedum varslar dermed ny kamp om EU etter Høgres landsmøtevedtak i helga, skriv Klassekampen.
Sp-leiaren meiner at Høgre-leiar Erna Solberg med vilje har vore uklar om EU-standpunktet til partiet lenge. Han trur Høgre vil argumentere for å sende ein søknad om medlemskap før ei folkeavstemming og at partiet vil setje ned ein kommisjon for å greie ut EU-medlemskap.
– Det er slike grep dei vil ta for å gjere det mindre skummelt. Om vi kjem på vippen i Stortinget, vil vi blokkere alt slikt, seier Vedum.
Vedtaket på Høgres landsmøte laurdag ettermiddag gjekk mot partileiinga. Sjølv om Solberg stemde mot, ville eit fleirtal at Høgre framover skal jobbe aktivt for ein norsk medlemskap i EU. Dette er ei klart meir offensiv haldning frå Høgre enn før.
Etter vedtaket har Frp gått ut med eit klart nei til EU, medan Ap tidlegare har signalisert at dei ikkje vil ha ein ny EU-kamp no. (©NPK)