
Vegvesenet åtvarar mot svindel-sms
Det går føre seg eit svindelforsøk på sms der avsendaren gir seg ut for å vere frå Statens vegvesen. Vegvesenet ber folk om å ikkje trykkje på lenka i sms-en.
Mottakaren av sms-en blir beden om å fornye førarkortet sitt. Meldinga inneheld ei lenke til ei falsk påloggingsside for BankID.
– Dette er eit svindelforsøk, og du må ikkje opne lenka, seier Gjermund Skotte, analytikar i Krimavdelinga i Statens vegvesen.
Annonse
Statens vegvesen blir i aukande grad brukt som sender av sms-ar og e-postar i svindelforsøk, opplyser han.
– Dessverre er det lite Statens vegvesen kan gjere for å unngå at kriminelle gir seg ut for å vere oss, men vi jobbar dagleg med å finne kjelda til meldingane og stoppe svindlarane, seier Skotte. (©NPK)