Foto: Kjell Åsmund Sunde/NPK.

– Vi må slutte med olje, så enkelt er det

Tidlegare Firda-elev er nyvald leiar.

Publisert Sist oppdatert

Som nyvald leiar i Natur og Ungdom (NU) har Sigrid Hoddevik Losnegård allereie rokke å gjere seg synleg i det norske debattlandskapet. Ho meiner vi må få fart på den grøne omstillinga, og at vi kan klare å stogge miljøkrisa utan å bygge ned verdifull natur.

Det var ikkje berre enkelt å få på plass ein intervjuavtale med den unge naturaktivisten.

– Hei, det er Sigrid i NU. Eg må diverre utsette avtalen vår vi har akkurat fått eit motsvar på kronikken vår som vi må reagere på, seier ho på telefon fem minutt før intervjuavtalen.

Sigrid Losnegård trur ikkje vi må byggje ned verdifull natur for å stoppe klimakrisa. Foto: Kjell Åsmund Sunde/NPK.

Det er knapt to veker sidan ho vart vald til leiar i ungdomsorganisasjonen, men ho har allereie markert seg med kritikk av sjølvaste NRK i ein kronikk i VG.

«Eg er fullstendig sjokkert, forbanna og sønderknust av tysdagens debatt.»

Det skreiv Losnegård i kronikken som mellom anna kritiserer programleiar Fredrik Solvang for å la motdebattantane Jonas Gahr Støre og Sylvi Listhaug snakke fritt om kor lenge vi skal halde fram med oljeleiting. Losnegård etterlyser motstemmer.

– Vi må slutte med olje, så enkelt er det, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Sigrid Hoddevik Losnegård, Edith Lindtner og Fridtjov Urdal i politibilen under ein aksjon mot gruveprosjektet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich.

Som ein heim

Det var på vidaregåande i 2019 at naturengasjementet til Losnegård for alvor vart vekt. Ho blei del av det ho sjølv karakteriserer som eit alternativt miljø – der engasjement stod sterkt. Ho blei same året valt til leiar for Gloppen NU, berre 16 år gammal.

– Det var då eg skjønte at eg kunne vere med på noko større viss eg ville. Eg kunne delta på klimastreik og engasjere meg slik eg sjølv hadde lyst til, og NU kunne hjelpe meg. Etter mitt første landsmøte i 2020 tenkte eg at det er dette eg har lyst til å drive med absolutt heile tida og vurderte å droppe ut av vidaregåande, mimrar Losnegård.

Knappe fem år seinare har ho blitt leiar for organisasjonen der ho fann seg sjølv.

Laura Vaagland og Sigrid Losnegård lenkar seg til ein dumpar på Engebøfjellet i protest mot gruveprosjektet til Nordic Mining. Foto: Edith Lindtner.

Fjorden som nabo

Sigrid Losnegård vaks opp i Askvoll med munninga av Førdefjorden som næraste nabo. Difor har òg planane til gruveselskapet Nordic Mining om å dumpe gruveavfall i fjorden sett sitt preg på naturengasjementet til sunnfjordingen.

– Då dei første lenke-aksjonane føregjekk i 2016 var eg berre 13 år, og var difor ikkje med. Då eg byrja på vidaregåande følgde eg saka tett og visste jo ingenting om at det kom til å bli lenkeaksjonar igjen. Men eg visste at viss det skjer, så vil eg vere med.

Og nye aksjonar blei det. I 2022 var Losnegård ein av aktivistane som lenka seg til anleggsmaskinene på Engebøfjellet.

– Det er ein utruleg viktig prinsippsak, som rett og slett handlar om at vi ikkje skal øydeleggje noko av det mest dyrebare vi har for kortsiktig profitt for eitt selskap, seier NU-leiaren.

Trass i ein årelang strid som førebels ikkje har ført fram er Losnegård klar på at dei ikkje kjem til å gi opp.

– Dei har fått løyve til å dumpe 170 millionar tonn gruveslam. Om dei byrjar å dumpe kjem vi til å kjempe vidare, for det er trass alt betre at dei berre får dumpa litt før vi får stoppa dei.

Edith Lindtner og Sigrid Hoddevik Losnegård på anleggsmaskinen ved Førdefjorden, mens politiet ventar på at 15 minutt har gått, og det er tid for arrestasjon. Foto: Amanda Iversen Orlich.

Miljø + natur = sant

Polariseringa pregar debattklimaet både her heime og ute i den store verda. Også blant natur- og miljøvernarar har det til dels oppstått steile frontar. Blant anna har fleire, som til dømes Motvind Norge, teke til orde for å stoppe miljøvennleg vindkraftutbygging for å verne natur. Losnegård meiner vi skal sleppe å velje mellom naturen og miljøet.

Sigrid Hoddevik Losnegård blir arrestert av politiet. Foto: Amanda Iversen Orlich.

– Eg trur ikkje vi er nøydde til å bygge ned masse norsk natur for å få i gang den grøne omstillinga. Vi må sjå krisene i samanheng, dei går hand i hand.

Ho trur havvind er den energikjelda som kan sikre oss nok kraft i framtida og samstundes verne utsett natur.

– Viss vi byggjer i havområde der vi ser at vi ikkje truar andre fornybare næringar, som fiskeri. Vi må likevel sette fart i omlegginga og bruke havvindteknologien som allereie er tilgjengeleg, avsluttar NU-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård.

Fakta om NU

Natur og Ungdom er ein organisasjon med medlemmer frå heile landet som blei stifta i 1967 for å arbeide for miljøvern. NU er ungdomsorganisasjonen til Norges Naturvernforbund og er partipolitisk uavhengig. (©NPK)

Laura Vaagland og Sigrid Losnegård aksjonerer mot selskapet Nordic Mining. Foto: Edith Lindtner.
Powered by Labrador CMS