Lokalmat og drikke skaper næringsutvikling, lokale arbeidsplassar, beredskap, levande bygder og berekraft. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Vil auke offentlege innkjøp av norsk lokalmat

Landbruksminister Geir Pollestad vil auke omsetninga av lokalmat til 25 milliardar i 2030. Då må også offentleg sektor handle meir lokalt.

Publisert

Eit nytt pilotprosjekt som skal auke offentlege innkjøp av norsk lokalmat vart difor lagt fram førre veke. Målet er å styrkje evna mindre produsentar har til å levere til det offentlege gjennom etablerte matnettverk, noko som kan posisjonere dei med tanke på offentlege anbod. Prosjektet er ein del av landbruks- og matminister Geir Pollestads oppskrift for meir lokalmat og lokal drikke:

– Vi skal auke omsetninga av lokalmat til 25 milliardar i 2030. Då må offentleg sektor bidra meir enn dei gjer i dag. Det er for lite lokalmat i offentlege kantiner, og det er for lite forståing for betydninga av å handle lokalt. Lokalmat og drikke skaper næringsutvikling, lokale arbeidsplassar, beredskap, levande bygder og berekraft, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad i ei pressemelding frå Innovasjon Noreg.

Deltakarane i prosjektet ligg innunder Innlandet SA, som er eit samvirke mellom 10 aktørar innan landbruk, reiseliv og mat. Hovudmålet til prosjektet er at aktørane Rørosmat og Gudbrandsdalsmat skal etablere ein kunderelasjon med det offentlege og auke omsetninga til produkta sine. Pilotprosjektet skal auke kunnskapen rundt bruk av lokale råvarer på kjøkkenet, og består mellom anna av samlingar mellom politikarar, innkjøparar, bestillarar og leverandørar.

(©NPK)

– Vi skal auke omsetninga av lokalmat til 25 milliardar i 2030. Då må offentleg sektor bidra meir enn dei gjer i dag, seier Geir Pollestad. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Powered by Labrador CMS