Sjølv om det er klokt å ha med seg telefonen når du skal på tur, bør du ikkje gjere avtalar som er avhengige av at mobilen din har dekning. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Vis mobilvett i påska

Mange legg turen til fjellet i påska, men teknologi er ikkje alltid nok for å halde deg trygg. Myndigheitene ber turgåarar vere budde på at mobiltelefon og smartklokker kan svikte – særleg i område utan dekning eller i sterk kulde.

Mobiltelefonen kan vere ein viktig tryggingsressurs i fjellet, men du bør ikkje stole blindt på teknologien.

– Det kan aldri erstatte god førebuing, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit minner om at mobildekninga i fjellet kan vere ustabil, og at batteri tømmast raskare i kulda.

Ta med papirkart, kompass og vurder naudutstyr som satellittelefon eller naudpeilesendar på lengre turar.

Hugs at du kan ringe naudnummer sjølv utan dekning frå ditt eige mobilselskap – så lenge eitt selskap har dekning der du er.

Om du har ein «gammal» mobil er det også verdt å merke seg at om du skulle få behov for å ringe eit naudnummer, vil ikkje desse telefonane kunne vise naudetatane eksakt kvar du er. (©NPK)

Powered by Labrador CMS